Hopp til innhald

Next av Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Next
Studioalbum av Journey
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1977
Innspelt Mai til oktober 1976 i His Master's Wheels i San Francisco i California
Sjanger Poprock[1]
Lengd 37:37
Selskap Columbia
Produsent Journey
Journey-kronologi 
Look into the Future
(1976)
Next Infinity
(1978)


Singlar frå Next
  1. «Spaceman»
    Utgjeve: Februar 1977

Next er det tredje studioalbumet til Journey, gjeve ut i 1977. Bandet heldt fram stilen frå Look into the Future frå 1976, men dette albumet har òg noko av den meir jazza progrockstilen frå det første albumet. Dette var det siste albumet deira med Gregg Rolie som vokalist. «Spaceman» og «Nickel and Dime» vart gjevne ut på singlar.

Den instrumentale «Cookie Duster» stod oppført på dei første trykka av albuma, men var ikkje faktisk med på albumet. DEnne kom seinare ut på samleplata Time³.

Next nådde 85. plassen på Billboard 200-lista i USA.[2]

Sjølv om han ikkje bidrog til Next, kom solovokalisten Robert Fleischman inn i Journey kort tid etter albumet kom ut som låtrksivar og var første dedikerte frontmannen i gruppa. Ingen av songane på albumet vart spelte på konsertane deira etter 1979.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet to av fem stjerner og sa «utan ein kraftfull songar som Steve Perry, mangla gruppa fokus og popkjensle, og forsøka på streit pop/rock lid som følgje av dette.»[1]

Side ein
Nr.TittelTekstMusikkSolovokalLengd
1.«Spaceman»Aynsley Dunbar, Gregg RolieRolieRolie4:01
2.«People»DunbarRolie, Neal SchonRolie5:21
3.«I Would Find You»Schon, Tena AustinSchonSchon5:54
4.«Here We Are»RolieRolieRolie4:18
Side to
Nr.TittelTekstMusikkSolovokalLengd
5.«Hustler»DunbarRolieRolie3:16
6.«Next»Dunbar, Rolie, Heidi CogdellRolie, SchonRolie5:28
7.«Nickel and Dime» (Instrumental) Rolie, Schon, George Tickner, Ross Valory 4:13
8.«Karma»DunbarRolie, SchonSchon5:07

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar

[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

[endre | endre wikiteksten]